Publisert av:
21/2/2014 07:22
Føredrag om flått og flugemakk
I etterkant av årsmøtet til Tysnes Beitelag og Tysnes Sau og Geit som var i Lunde i går, heldt Karl Lunde eit interessant føredrag om flott og flugemakk. Hovudtema var korleis ein med ulike tiltak kan førebyggje problema mest mogleg.
Oddvar Lunde som er leiar i Tysnes Sau og Geit kunne fortelje om ei gledeleg auke i medlemstalet. 8 nye medlemmer var verva i 2013.
Per Ingolf Økland som er leiar i Tysnes Beitelag kunne fortelja at pilotprosjektet i beitelaget med GPS bjøllene i beitesesongen for 2013 i all hovudsak hadde gjeve gode erfaringar så langt.
Juniane Vevatne Lunde hadde i høve årsmøtet laga ei passande kake som smaka fortreffeleg!