Publisert av: Martha Nygård Lande
5/8/2023 10:07
Foredrag om Claus Pavels Riis
Lørdag 12. august kl. 13.00 på Årbakka Handelsstad, vil forfattar og lokalhistorikar Knut Rage fortelja og visa bilete om diktaren Claus Pavels Riis, som skreiv songen “Anne Knutsdotter” i dei åra han levde på Nymark.
Biletserien er frå 1860-åra og er mellom dei eldste eksisterande fotografia vi har frå Sunnhordland.
Her møter vi diktaren og hans familie heime på Nymark, i kvardag og høgtid, for snart 160 år sidan.
Knut Rage vil også fortelja om Anne Knutsdotter-skikkelsen og den vesle jenta som skal ha inspirert han til songen.