For liten plass på Tysnes?

Publisert av:
17/7/2017 19:57

Dersom Hamnesjefen skal flyttast frå Os til Innhegninga på Tysnes hos Frode Storetvedt, må dette først godkjennast av Miljødirektoratet.

No har Os kommune fått brev frå Miljødirektoratet som treng meir informasjon før dei vil ta stilling til flyttinga til Tysnes. Dei skriv blant anna at knoppsvaner er store fuglar som krev store vass- og landareal. Innhegninga på 1,4 mål kan derfor vera for liten plass. Dei ynskjer også at ein veterinær godkjenner kjendis-svanen sitt nye område.

– Me har bedd om at dette blir behandla raskt. Dei forstår at dette er noko som må bli avklart fort, seier ordførar på Os, Marie Bruarøy til Nrk.

Bakgrunnen for flyttinga er mange uønska episodar med svanen. Og at landbrukskontoret nyleg vedtok at svanen skulle avlivast etter at han tok tak i kragen på ei lita barnehagejente og drog ho under vatn.