Publisert av: Martha Nygård Lande
25/5/2020 15:47
Folkeauke i Tysnes kommune
I dag kan ein lesa i Fitjarposten at folketalet i Tysnes har gått opp sidan nyttår.
Folketalet har auka med 12 personar, og me er no 2881 (Statistisk sentralbyrå).
I kommunane rundt oss, opplever dei både oppgang og nedgang i folketalet. Fitjar og Kvinnherad har nedgang, medan Stord, Bømlo, Bjørnafjorden og Austevoll har ein auke.