Folk på Tysnes har skaffa 3000 menneske reint vatn
17/3/2013 10:08
Vi nærmar oss slutten på den kyrkjelege fastetida og folk i Tysnes kommune kan sjå tilbake på fleire tiårs engasjement for fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Ei fersk oppteljing viser at det er samla inn meir enn ein halv million kroner dei siste 15 åra i kyrkjesokna Onarheim, Tysnes og Uggdal og Reksteren.
– Dei fleste har eit forhold til den fiolette fastebøssa. Fastebøssa er eit symbol på nestekjærleik. I tillegg er den eit symbol på konkret forandring, seier Aas-Hansen.
Pengane folk i Tysnes dei siste femten åra har gitt tilsvarer sikker tilgang på vatn for nær 3 000 menneske i Etiopia.
Mange vasskjelder
– Dette er i grunnen veldig enkelt. Utan vatn kan vi ikkje leva. Det gjeld både for menneske og natur. Derfor er det bra å vita at Kirkens Nødhjelp har sett opp eit stort antal vasskjelder i dei landa der vi arbeider, seier Aas-Hansen.
–Folk på Tysnes kan vera stolte av det dei har ytt. Men i følgje FN manglar framleis 884 millionar menneske sikker tilgang på vatn. Dette vil vi vera med og gjera noko med. I år har vi eit mål om å samla inn endå meir enn vi gjorde i fjor, og vi vonar folk i distriktet blir med på dugnaden, oppmodar Jens Aas-Hansen.
Tysdag 19. mars går 40.000 bøsseberarar frå alle lokalsamfunn over heile landet frå dør til dør for å visa solidaritet med dei som treng det alle mest.
Naudhjelp til Syria
I det borgarkrigsherja Syria er situasjonen no desperat og 40 000 menneske flyktar frå landet kvar veke. Kirkens Nødhjelp sende like før jul inn 83 tonn med vatn- og sanitærutstyr, telt, madrasser, teppe og hygieneartiklar frå beredskapslager i fleire land, i eit forsøk på å hjelpa dei mest trengjande i vinterkulda. NTB-meldinga vart trykt av ei lang rekkje aviser.
Kontaktpersonar for KN i Sunnhordland:
Åse Selsvold, tlf. 45605184
Magne Fitjar, tlf. 95786240