Følgjande artistar er klar for Tysnesfest 2011

Publisert av:
24/3/2011 06:50

Eva & the Heartmaker:
Eva & The Heartmaker er tilbake, og pop-alarmane kimer! Duoen Eva Weel Skram og Thomas Stenersen frå henholdsvis Sogndal og Bardufoss lagar skamlaus pop-musikk og stikk det på ingen måte under nokon stol. Med heile fem låtar på norske og utanlandske radiolister sidan 2009, har ekteparet bevist at dei har ein unik teft for dei gode pop-melodiane, og har etablert seg som to av landets mest suksessfulle låtsnekrarar. 21. februar 2011 slapp dei sitt 3. album. Med eit solid
og fast band i ryggen, og ei mengd konsertar bak seg, har Eva & The Heartmaker blitt eit ettertrakta liveband i inn- og utland. Og med singlane “Mr. Tokyo” og “Signals” trygt plassert på hit- og spelelister er det ingen tvil: Eva & The
Heartmaker er tilbake for fullt! Gle dykk til lørdag 9. juli på Gjerstad.
Web: http://www.evaheartmaker.com
Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=QX_Rjcf36CY

Wilfred
Den tyske journalisten Helmut Blecher sa dette om Wilfred: «Wilfreds låter skaper himmelske tilstander i jordisk format. Wilfreds debutalbum kommer til å gi fansen av den tidløse rocken troen tilbake.» Det norske bandet Wilfred har spelt inn 11 sterke låtar, og har nettopp skreve under på platekontrakt med Ozella, Music i Tyskland. Utgiving i dei nordiske landa, resten av Europa, USA, Canada, Kina, Taiwan og Japan, er planlagt i mai 2011.
Tysnesfest ynskjer at fredag 9. juli skal bli ein dag med mykje god rock & roll. Her blir Wilfred eit
perfekt innslag.
Web: http://www.wilfredmusic.no/
Youtube: http://www.youtube.com/wilfredmusic

The Lucky Bullets
The Lucky Bullets er ein vilter rockabilly-kvartett med kontrabass, ludwigsett og slick 50-tallscut. Med enorm speleglede og sjeldan energi tar dei publikum med storm med sine dansbare låtar. Det er umogeleg å ikkje la seg rive med. The Lucky Bullets kom på 3. plass i den norske finalen i Melodi grand prix 2011. The Lucky Bullets er første band ut på Gjerstad fredag 8. juli.
Web: http://theluckybullets.com/wp/
Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=tc9c7VJsXqc

Ralph Myerz & the Jack Herrand Band
Ralph Myerz måtte dessverre avlyse opptreden sin til Tysnesfest i 2009. Me er no glade for å få dette unike livebandet tilbake på plakaten! Det har vore store diskusjonar på festivalkontoret om kven som er i stand til å avslutte fredagskvelden etter TOTO. Her er svaret: Me ser fram til at Tarjei Strøm kjem “heim” til øya han tilbrakte kvar sommar i oppveksten! Gle dykk til eit forrykande liveshow med pyro, flammar og rock and roll!
Web: http://www.myspace.com/theshakes4ever
Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=kB2pzH1NsCc

Big Man Blues Band
Tysnes bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest ”tyngde” i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving. Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskja dei velkomen att! Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.
Tor Vidar Tveit: gitar/vokal
Jan Gunnar Rosseland: gitar
Martin Hauge Hansen: Bass
Ole Ivar Sunde: Trommer
Dei skal halda konsert på M/S Midthordland lørdag ettermiddag.

Polkabjørn og Kleine Heine
Deira deltaking på Jodlerfest i Huttwil, Sveits, sommaren 2007 resulterte i duoen Polkabjørn & Kleine
Heine. To år seinare har dei spelt for både konge og fyllefrans, bokstavleg talt. Polkabjørn er
antagelegvis den eineste i verda som har jodla for kongen, dronninga og utanriksminister Jonas Gahr Støre på same tid. Dette skjedde under opninga av festspela i Bergen 2008. Polkabjørn er ikkje berre Nord-Europas beste jodlar, men har også blitt ein anstendig strupesangar etter å ha gått i lære hos den verdskjende strupesangkvartetten Huun-Huur-Tu. Kleine-Heine, jazzmusikar Ola Kvernbergs tidlegare sidekick, var allereie som 14-åring ein veletablert jazzmusikar Han studerer no ved Griegakademiet i Bergen. Repertoaret er variert og består av jodling frå både Tyskland, Sveits, Østerrike og Noreg. Kven hugsar vel ikkje hurralåten frå 1939; “Mein Vater ist ein Appenzeller,” eller landeplagen frå 1942; “Jeg er fra Romsdalen Norges Tyrol.” Er atmosfæren riktig, hender det òg at dei diskar opp med ei gravferdslåt eller to. Polkabjørn og Kleine-Heine skal opptre på marknadscenen og i bermuda teltet.
Web: www.myspace.com/polkabjornkleineheine
Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=E6mzs29TUA8

Anders Bakke
Anders Bakke er Tysnes si eiga popstjerne! Den sjølvkomponerte songen “Segla heim” er ein kjent og kjær låt for både tysnesingar og andre. Den handlar om å segla heim til Tysnes, og kven vil vel ikkje det? Anders ga ut si fyrste plate i vinter, med ei blanding av nytt og gammalt materiale. Han er ein dyktig musikar med mange fine låtar, og me er stolte over å ha Anders på plakaten.
Her kan du høyra Segla heim, men lokale ungdommar i musikkvideoen:
http://www.youtube.com/watch?v=CMKI0KpHpQM&feature=player_embedded

Twang Gang
Twang Gang er eit band med musikalske referansar frå -40 og -50-tallet. Amerikanske
inspirasjonskjelder som Joe Clay, Johnny Cash og Elvis har satt sitt preg. Bandet består av gitarmann Erlend Styve, ståbassist Jan Eirik Gullbrå og trommis Bjørne Møen.
Bandet skal på tur med M/S Midthordland fredag 8. juli.
Web: http://www.twanggang.no/
Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=0sTYqV9Otgs

I tilegg er følgende artister klare for Tysnesfest 2011:
Hellbillies, Erik og kriss, Katzenjammer, Madcon, TOTO, Knut Reiersrud og Ivar Kleive, Odd Nordstoga, Stella Mwangi, Ole Edvard Antonsen og Kurt Nilsen.