Publisert av:
7/2/2013 09:23
Flotte forhold i skianlegget
Supert føre, supre løyper, supert vær, super temperatur, supert anlegg, supert selskap, super stemning! Anbefalar på det sterkaste ein tur i lysløypa anten på dagtid eller på kvelden. I går kveld var det omlag 15 personar som gjekk nokre rundar i løypa med varierande tempo og ferdigheter. Og alle var strålande nøgde med å ha fått eit slikt flott anlegg «rett utanfor stovedøra». Sjølve løypa er ca 1500m og distansen frå parkeringsplassen og inn til Løkjen der løypa ligg er ca 900m i flott, barnvennligt, slakt terreng. Vegen opp til parkeringsplassen er flott brøyta, og lett framkomeleg.
Hugs hovudlykt om du skal av gårde på kvelden. Det er også kjørt/gått opp løype til Grostølen.
Sjå elles OIL si facebook side.