Flott kamp
16/12/2012 18:44
Sund tok leiinga etter berre eitt minutt i dagens kamp. Men fem minutt etter hadde Tysnes snudd kampen og leia 3-1. Den neste perioden var det jamnt opp til 4-4, før Tysnes drog i frå inn mot pausen. Då var leiinga 10-6 til Tysnes.
Det var godt tempo i kampen. Tysnes var gode i forsvar, og scora på nokre kontringar. Men dei viste også fint spel ved enkelte scoringar etter etablert angrep.
Sund prøvde seg litt i starten på 2.omgong, men heimelaget svara kvar gong og det var aldri tvil om at dette ville bli siger til Tysnes.
Det enda til slutt med soleklar 19-13 siger i ein god handballkamp.
Desse var med: Nora Kleppe, Thea Sløgedal (6), Martine Siglevik Lunde (4), Anna Dorthea Espevik (1), Eline Teigland Bakke, Ina Borlaug (7), Ruth Johanne Kongsvik (1), Eli Enes, Kathrine Folgerø.