Flott juleshow

Publisert av:
8/12/2011 21:07

Det var eit fullsatt Vonheim som fekk oppleva tiande klassen sitt årlege juleshow i kveld.

Avgongselevane ved Tysnes skule serverte eit  variert program med mellom anna mykje fin song, musikk, opplesing, vitsar, sketsjar og ablegøyar. Det var skodespel, dans, film og korsong. Elevane fekk vist seg fram på ein positiv måte, og publikum var med og gav ungdomane trampeklapp for framføringane deira.

Om du ikkje fekk med deg kveldens juleshow, så fortvil ikkje. Det er ny framsyning i morgon kveld fredag 9.12 kl. 1900 i Vonheim. Sal av billettar på Essoen og i døra ved inngongen.

Her nokre bilete frå torsdagkvelden: