Fleire kunstnarar på plass
23/6/2020 19:36
Det strøymer på med nye kunstnarar til Nisjekroken. Denne veka har to damer frå Søfteland og Strøno teke med seg dei flotte handtverksprodukta sine i keramikk og glas.
Her kjem litt info om dei to dyktige damene:
Elin Søfteland Iversen
Elin fortel at ho har verkstad på Søfteland, og deltek på husflidsmesser. Til dagleg jobbar ho i barnehage, men fritida vert nytta på hytto på Hatlestrand. Det er her i verkstaden ved sjøen med utsikt til fjella eg finn inspirasjon, legg ho til.
Liv Tronsgård
I omlag 15 år har eg arbeida med glasskunst, fortel Liv. Ho har delteke på kurs i Danmark, Kristiansand og på Glassforum på Averøy. -Eg starta med glassmykker, og så har det bare blitt meir og meir. Heime på Strøno, i kjellaren har Liv verksted og utstilling. Ho deltek på forskjellige messer i Bergensområdet. -Metoden eg brukar heiter “Glassfusing”. Det vil seie at eg brenn glaset flat, og legg det i former for å lage til dømes telysholdar, fat og liknande. Eg lagar smykker, lykter, hjerter, bilder, telyshus og mykje meir. Vil du sjå meir kva Liv lagar, sjå på Facebook «Glassogmyemer»