Fleire for sal

Publisert av:
11/10/2010 20:50

BA har i dagens avis ei større sak om at tilbodet av hytter og fritidseigedomar i fylket no er ein god del større enn dei siste tre åra.

Avisa har fire store bilete av fritidseigedomar som er for sal. Det fyrste som er avbilda er frå Økland på Tysnes som har ein prisantydning på 850.000 kroner. For tida er det to fritidseigedomar for sal på Tysnes på finn.no.

Folk i meklarbransjen seier til BA at mykje av grunnen til at det er fleire fritidseigedomar for sal no nok har samanheng med at fritidsbustader sank mest i pris og var vanskelegast å få seld under finanskrisa. No ser folk som vurderte å selja då, men venta, mogleik for å få tilbake prisen dei betalte + litt til.