Publisert av:
6/9/2010 19:51
Flagget vekke
Flaggstonga er naken hos Uggdal skule. I helga har tjuvar vore og firt ned flagget og rappa det med seg.
– Å ha flagg i flaggstonga er tydelegvis ikkje heilt trygt, seier rektor Bente Raknes til Tysnesingen.
Ho er irritert over at folk ikkje kan la andre sitt vera i fred.
– Flagget kosta jo nokre tusen, og vi kjøpte det på skulen både for å pynta opp, skapa identitet og også som ”reklame” i høve dei to store arrangementa som var i sommar: Fotballcupen og Tysnesfest, seier Raknes.