Fiksar utvendig

Publisert av:
30/5/2011 20:28

I den siste veka har utvendig bordkledning blitt rive på gamledelen til korpshuset til Hjelpekorpset lokalt. Huset som står på Gjerstad er ein kjent bygning langs riksveg 49 mellom Våge og Lunde.

Og huset har stått der i mange år. Det vart bygd rundt 1900-talet som det nye skulehuset i Tysnesbygdo.

For mange av Tysnesingen sine lesarar vil nok huset best minnast som yrkesskulen for maskin og mekaniker linja. Det var i 1962 at det gamle skulehuset på Gjerstad vart teke i bruk som yrkesskule, men om lag 30 år seinare vart yrkesskulen lagt ned, og dermed mista Tysnes sitt siste tilbod til vidaregåande skule.

No er det altså Tysnes Røde Kors Hjelpekorps som eig huset.