Illustrasjonsbilete

Fem personar på Tysnes har fått påvist koronasmitte

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/11/2021 19:56

To av personane som har fått påvist koronavirus er elevar i tysnesskulane.

Med mål om å slå ned eit potensielt utbrott, tok kommunal kriseleiing i dag ei avgjerd om å stenge ned to berørte klassar. Stenginga vil gjelde ut veka, og skulen vil ha ope som normalt frå måndag.

Tysnes kommune oppmodar no alle om å være ekstra påpasseleg med å teste seg ved symptom på luftvegssjukdom.

Det er fortsatt slik at alle med nyoppståtte luftvegssymptom som feber, hoste, sår hals eller nedsatt allmenntilstand bør halde seg heime. Les meir på Tysnes kommune si heimeside.

Her kan du sjå FHI sine anbefalingar ved luftvegssymptom.