Fellingsløyver

Publisert av:
11/9/2010 19:43

Hjortejakta er i gong (byrja i går fredag) og enkelte har alt fått skote dyr.

Det er totalt gitt 633 løyver til å fella hjort i Tysnes kommune. Desse er fordelt ut på ulike vald.

Tidsrommet for hjortejakta er 10.september til 15.november.

For øvrig melder Fitjarposten at ein hjort som vart gps-merka på Tysnes har tatt symjeturen over Langenuen og havna på Stord-øya.