Publisert av: May Britt Meland
8/10/2022 11:07
Fekk læra å baka flatbrød
Tysnes Bygdekvinnelag har denne veka hatt bakedag med Uggdal skule. Begge 4. klassane har vore på besøk i det gamle Tinghuset, og saman har dei baka flatbrød på takke. Kjersti Godøy i Bygdekvinnelaget fortel at dette er i høve at Norges Bygdekvinnelag skal markera Frivillighets dagen sundag 16. oktober, som er verdens matvaredag.
16. oktober vil me ha open dag i Tinghuset frå kl 13 – 15, og det blir servert kjøtsuppa med flatbrød til besøkande fortel Godøy.
– Dette arrangementet er opent for alle, og me vonar at spesielt elevar, lærarar og foreldre ved skulen vil koma innom oss.
Foto: Tysnes Bygdekvinnelag