Fastelavn eller fastelaven?
19/2/2023 08:01
Kjært barn har mange namn heiter det. Sjølv om uttalen er relativt lik, er det fastelavn som er mest nytta i skriftleg form.
Det som er heilt sikkert er at fastelavn eller fastelaven, avhengig av kva du mest likar å nytta, kjem frå det nedertyske ordet vastel-avent, som betyr «kvelden før fasten».
Opprinnelig betegna fastelavn kvelden før askeonsdag, som innleda den 40 dager langfasten i før påska. Etter kvart blei fastelavn ei benemning for ein periode på tre festdagar som innleda fasten, nemlig fastelavnssøndag, blåmandag og feitetirsdag. For Norge sin del ser det ut til at festdagane i forbindelse med fastelavn stort sett begrensa seg til dei største byane.
I dag begrensar seg nok desse festligheitane under fastelavn seg til fastelavnsris og fastelavnsbollar for dei aller fleste. Men noko av dei opprinnelige tradisjonane med desse festdagane har ein likevel teke med seg i nyare tid. Blåmandag er nok ein vanleg del av vårt vokabular når ein kjenner på at det vart litt for mykje festligheitar i helga.
Les meir om fastelavn her og god fastelavensøndag til alle.