Publisert av:
29/7/2009 19:50
Farvel til rigg
Den enorme riggen til Oddfjell Drilling, Deepsea Atlantic, som har lagt i Bjørnefjorden i heile sommar, siglar til helga ut av Bjørnefjorden då den er klargjort for nye oppdrag.
Skipper ombord, Kåre Kvalvaag, seier til Os og Fusaposten at han vil oppfordra fartøy til å halda ein avstand på minst 200 meter, for eigen tryggleik.
– Folk er nysgjerrige og vil gjerne sjå riggen, men eg ber dei tenkja seg om så det ikkje oppstår farlege situasjonar. Det har vore tilfelle der fartøy har vore for nær og uroa tilsette på riggen, seier Kvalvaag til Os og Fusaposten.
Skipperen skal manøvrera kolossen ut på Gullfaksfeltet for jobb for Statiol.