Fargerike førskuleungar likar laks
18/6/2015 08:33
Alle barnehageungane på Tysnes som skal byrja på skulen til hausten, var inviterte av Alsaker Fjordbruk for å læra om laks, handfôra fisken på matfiskanlegget «Onarøy», køyra båt og smaka på favorittmaten vår.
Historia om «Salamon – ein glad laks», som beskriv livet til laksen frå han er rogn til han hamnar på middagsbordet, la grunnlaget for besøket på matfiskanlegget. Ungane fylgde godt med, og barnehagepersonell og foreldre gav uttrykk for at også dei lærte mykje om laks på kort tid.
Ein tur til «Onarøy» for å sjå på og handfôra nokre av dei 720.000 laksane som bur der, var sjølvsagt høgdepunktet. Ekstra stas var det å få sjå og klappa ein av fiskane på nært hald. Båtturen med katamaranen «Teide», til og frå anlegget blei ein ekstra bonus, der gjestene også fekk sjå seg om i styrehuset. Attende i teltet gjekk velsmakande ovnsbakt laks ned på høgkant, og nokre tok turen både to og tre gonger for påfyll.
Me takkar alle dei kjekke ungane, og fylgje, for ein triveleg dag på jobben. Og kan bekrefta at det gjer ikkje noko med dårleg vêr, berre ein har gode kler.
Ingrid Storetvedt
Alsaker Fjordbruk AS


