Publisert av: May Britt Meland
23/8/2019 08:40

Tysnes Arbeiderparti (f.v.) Ingrid Tysnes Stue, Beyene Medbrathu, Anne Merete Fjeldstad, Asbjørn Myklestad og Ingrid Restad.
Får besøk av Roald Kvamme
Valgkampen er i full gong, og denne helga får Tysnes Arbeiderparti med seg gruppeleiar i Hordaland fylkesting, Roald Kvamme, når dei skal ha stand i Våge laurdag.
Anne Merete Fjeldstad fortel til tysnesingen.no at dei i dag, 23/8, vil vere å treffe i Uggdal og på Onarheim kl 15-17. 🌹
-Laurdagen står vi i Lunde og Våge kl 11-13, seier Fjeldstad.
Ho vonar mange tek turen og nyttar høvet til ein politisk drøs.