Publisert av: May Britt Meland
24/7/2020 09:49
Fantastisk stemning
Tysnesingar og feriegjestar fekk ei unik konsertoppleving på gamle Johnsakaien onsdag og torsdag denne veka. Morten Abel og Tomas Gallatin testar denne sommaren ut det nære duoformatet. Dei har teke for seg låtar frå Abels karriere, og gitt dei nye drakter.
Den fyrst oppsette konserten vart utseld på få timar, så gleda var stor då det vart mogleg å få på plass ein ekstrakonsert.
Konsertdeltakarane fekk ei unik konsertoppleving i eit flott sommarver!
-Mandelhuset melder om “tidenes sommarstemning”!