Publisert av:
1/11/2015 12:21
Familie-gudsteneste
I går var 4 åringane invitert til å verta betre kjend i kyrkja. Der fekk dei høyre skaparforteljinga frå bibelen, dei lærte seg nye sangar og fekk vere med på skattejakt. Dei snakka om kva ein skatt eigentleg var. Borna kom med fleire gode forlag: gull, diamantar, pusekattar, mm. Ein skatt kunne vere noko eller nokon ein var glad i. Dei kom og fram til at alle borna var skatten til nokon!
4 åringane var i dag spesielt inviterte på familiegudstenesta der dei fekk utdelt kvar sin biletbibel, gjekk i prosesjon og var med og sang.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi.