Publisert av: Martha Nygård Lande
9/6/2020 15:40
Engasjerte elevar på blå skule
Boss, boss og meir boss, skriv Blå skule på nettsida.
Det er synd at det fortsatt kjem så mykje boss flytande, men flott av Blå skule å rydde opp alt det dei finn rundt Solstråleøya.
_
–
Både på fredag 5. juni og i dag, tirsdag 9. juni, har dei plukka masse boss.
På fredag fylte dei båten sin med avfall som skal på søppelfyllinga, der det høyrer heime.
–
I tillegg til 2 sekker plast og masse isopor, fann dei i dag ein båt som var stranda.
–
Når dei ikkje plukkar boss, har dei mykje anna å holde på med. Hønene treng mat og stell, og dei fiskar og trekker garn. I garnet i dag var det ein lyr på ca 2kg.
_
–
I år er det visst museår. Det er mykje mus på solstråleøya, så for å tynne ut bestanden, har dei sett ut musefeller.