For kvar tur til Blåbærhaugen ga Alsaker Fjordbruk kr 100,- til Krafttak mot kreft.

Engasjementet på Tysnes større enn nokon gong

Publisert av: May Britt Meland
14/4/2021 11:25

Ditt bidrag gjer ein forskjell for kreftramma


Koronapandemien blei eit hinder, men stoppa ikkje engasjementet rundt kreftformar som få overlever.

Tekst: Geir Vangsnes, distriktssjef Kreftforeningen Vestland

Koronapandemien gjekk hardt utover innsamlingsresultatet i Krafttak mot kreft dette året. Virusmutantar og smittefare gjorde at vi ikkje kunne sende bøssebærarar frå dør til dør for å be om støtte, noko vi veit er avgjerande for innsamlingsresultatet.

I Vestland fylke har det så langt blitt samla inn 3 millionar kroner. Det er to millionar mindra enn målet vårt. På landsbasis har vi så langt eit resultat på litt over 20 millionar kroner. Sjølv om også dette er mykje mindre enn målet vårt på 35 millioner kroner, har mange tusen ildsjelar, russ og frivillige lagt ned ein flott innsats for å samle inn mest mogleg pengar digitalt. Alle med eit ønske om å gjere ein forskjell for dei som blir ramma av ein kreftform få overlever.

Vi vil rette ein stor takk til deg som har drive digital innsamling, panta flaskar, arrangert auksjonar og konserter eller hatt utfordringar i sosiale medier. For å nemne noko. Din innsats betyr utruleg mykje – både for enkeltmenneske og for kreftsaka. Tusen takk for at du har gitt av deg og tida di til årets aksjon!

Til tross for pandemien, har engasjementet på Tysnes vore større enn nokon gong, der mange har tatt eit skikkeleg krafttak mot kreft. Tusen takk til alle tysnesingar som har gått tur til Blåbærhaugen. Og stor takk til dei frivillige Astrid Nygård og Rannveig Ljostveit Helland som har gjort ein kjempeinnsats og ikkje minst takk til Alsaker Fjordbruk som har gitt 100 kr per tur. Tilsaman er det gått inn 194 555 kroner og totalt er det samla inn nær  240 000 kroner til aksjonen. Heilt strålande jobba, Tysnes!

I dag overleve tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse. Meir kunnskap bidrar til å oppdage og stille riktig diagnose tidligare, og utvikle ny og betre behandling. Fremskritta kjem ikkje av seg sjølv. Nye gjennombrot krev midlar og knallhardt arbeid over tid. Takk for at de bidreg til kommande framskritt.

Fortsatt er det mogleg å støtte aksjonen via nettsida vår og ved å vippse valfritt beløp til 2277. Di støtte vil gje fleire kreftpasientar den aller beste kjensla i livet: Å få høyre at dei kjem til å leve vidare.

Fakta Krafttak mot kreft:

  • Kreftforeningens årlege, nasjonale innsamlingsaksjon.
  • Gjennomføres fra 6.- 14. mars.
  • For å hindre spreiing av koronaviruset og beskytte sårbare grupper var årets innsamling heildigital.
  • Russ frå over 40 videregåande skuler frå heile Vestland fylke er med
  • I årets aksjon går pengane til forsking for at fleire skal overleve kreftformene som få overlever, samt at dei som blir ramma skal få gode tilbod og oppfølging.
  • Gi ditt bidrag på Vipps til 2277, på krafttakmotkreft.no eller til kontonummer 1503.07.66056.

 

Geir Vangsnes, distriktssjef Kreftforeningen Vestland