Endelig var dagen her!
6/6/2015 12:02
Det har vore jobba intenst på Svingen i lang tid, og i dag kunne stolte instruktørar endeleg syne fram det flotte treningssenteret.
Mange hadde teke turen innom SvingenPuls i dag, nokre ville melde seg på treningstimar mens andre berre var spente på å sjå resultatet av byggearbeida.
Her er det eigne salar for spinning, apparattrening, aerobic, Basis Ball og eit eige rom for yogamasasje. I resepsjonen er det også høve til å kjøpa treningskle.

Marthe G. Birkeland kunne fortelje til Tysnesingen.no at det var mange påmelde til dei oppsette gratis-timane på sykkel, barnetrim, basis ball og yoga.
SvingenPuls satsar på eit breit tilbod både for både vaksne og born.
På barnetrimmen trener ein gjenom leik både kondisjon-, styrke-, balanse- og koordinasjon.
Marthe kunne også fortelje at dei har eit håp om å kunne starte opp med variert dansetrening for born.
Fekk du ikkje høve til å stikke innom i dag, har SvingenPuls ope for omvisning og gratis-timar i morgon også.