Endeleg opprykk

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/10/2018 18:41

Njardar/Tysnes sitt a-lag rykka søndagskveld direkte opp til 6.div etter at resultata i pulje nr.5 gjekk vår vei. Trudde me.
Kretsen hadde på forhånd lagt ut opprykksinfo og i forhold til denne + mail kretsen hadde sendt til Løv Ham, hadde me augena våre på følgande:

Me trengte at Løv-Ham1 havna over Hovding i den pulja:
Løv-Ham1 vart knust av gruppevinnar Trott3, som ikkje får lov å rykka opp pga. Trott2 allerede har rykka opp. Derfor tar Løv Ham1 opprykksplassen der, som fører til at Løv-Ham2 ikkje får lov å rykka opp frå vår pulje.

Hovding tapte sin kamp 7-4 etter å ha leda 4-2, så stemninga stod i taket i Njardar-leiren når scoringane frå den kampen tikka inn i klubbhuset på Reiso. Nesten heile Njardar-troppen var samla der til avslutningskveld, og for å følga kampane i den siste serierunden via internett.
Njardar går altså direkte opp!

Dagen etter får me melding frå Søre Neset som forteller at kretsen tidligare har sendt dei ein mail med heilt anna opprykksinfo enn kva me andre har fått. Derfor er det plutselig ingen som veit kven som rykker opp og kven som havnar i kvalifisering.

Kretsen sender mandag ettermiddag mail til involverte klubbar om at ein loddtrekning vil avgjera kven av LøvHam laga som rykker opp. Dette kunne då føre til ringvirkningar både for oss og fleire andre lag. Alle er meget oppgitte og forstår svært lite av kva kretsen rotar med.

Saken blei etterkvart heftig diskutert på Hordalandsfotball sine facebooksider, og dei involverte laga blei plutselig kontakta av Aftenposten og Bergens Tidende. (sak ligg ute på nettsidene deiras)
Stort engasjement i breddefotballen med andre ord!

Seint på kvelden kom Hasunds-trenar Steinar Soldal opp med et forslag som alle involverte lag ville vera nøgde med. Dette stilte klubbane seg bak og meldte inn til kretsen.

Tysdagsmorgon sendte kretsen ut beskjed om at forslaget tydeligvis var gått gjennom for i skrivet deiras rykker Løv Ham1, Njardar og Hovding opp. Medan Søre Neset får kvalifisering i tillegg til Hasunds hund. Ingen taparar og til slutt godt løyst av Hordaland fotballkrets.

Mykje rot, men endelig opprykk etter mange år med nesten for Njardar!

I våre eigne auger er opprykket vårt fullt fortjent. Etter å ha levert ein meget god sesong der me til slutt enda på 37poeng og 69 scorte mål. Desidert flest i pulja er me storfornøyde med å ha nådd målsetningen for året.

Trenarane Thomas Hagen og Raymond Epland vil med dette takka alle spelarane for innsatsen som har ført oss opp, og me vil og takka alle som har støtta oss gjennom sesongen 2018.

No blir det ein heidundrandes opprykkfest og planlegginga er allerede i gang. Me håpar mange melder seg på denne!

Info kjem!

 

Tekst og foto: Thomas Hagen