En smak av sommer
15/7/2017 08:53
Aldri før har så mange teke turen til Gjerstad arena ein fredagskveld under Tysnesfest. Sola skein og stemninga var god både rundt scenane, rundt boda og på bakkane.
Desse flotte jentene hadde pynta seg med blomekransar for anledningen.
Ein munter gjeng med hatt…, så fann dei lett kvarandre igjen i folkemylderet.
Sassy Kraimspri. Bluespunk med trøkk og drivande rytmer!
Endeleg fekk arrangørane oppfylt draumen sin:
De Lillos kom til Tysnesfest!
Legenda og dansk rocks gudfar, Kim Larsen leverte!
Flinke folk bak filmkameraene sytte for at alle fekk sjå artistane på nært hald.
Låtskrivaren, vokalisten og gitaristen Daniel Kvammen frå Geilo imponerte med ærlige tekstar.
Det tetta seg framfor scenane etterkvart som kvelden seig på.
Highasakite hadde eit flott lysshow! Det kritikasrroste bandet baud på slagerar og låtar frå det nyaste albumet “Camp Echo”.
Turbonegro avslutta kvelden med eit skikkeleg trøkk, og eit imponerande lys og flammeshow.