Elevar på hummarfiske
4/10/2013 06:29
I dag var det med fem elevar frå åttande klasse ein frå niande og ein frå tiande klasse. Først trekte vi eit garn og fekk nokre små lyrar, ein makrell og ein lysing. Lysingen er heller sjeldan så det var stas å få ein slik.
Hummarteinene er sette langs Tysneslandet og ut til innløpet til Gåsavikjo. I dag fekk vi jammen hummar i to av teinene, så vi var godt nøgde. Elevane får sjå korleis desse teinene ser ut, og får lære om fluktopningar og minstemål av hummar. Begge våre i dag var over minstemålet på 25 cm.
Vi sjekka også ei fisketeine som står på om lag 75 m. I ho var det ein einsleg sjøkreps.
Det vart også tid til ein liten tur rundt på Solstråleøya, som er basen for Blå skule.
Om det vert bra fangst, vil elevane leggje til kai i Våge og selje levande hummar og krabbe seinare i haust. Dette vil i så fall verta kunngjort her på Tysnesingen.no.
For Blå skule
Øystein Utne