Ekstremvêr på veg
28/1/2016 15:23
Uværet som er varsla til fredag ser ut til å treffe eit større område enn meteorologane fyrst trudde. Tor kan gje orkan ved kysten, ekstreme vindkast langt inn i landet og enkeltbølger på 20 meter. Ein ventar at uveret rammar Hordaland mellom klokka 15 og klokka 18 fredag.
I Tysnes kommune vert folk oppmoda om å sikra båtar og lause gjenstandar, samt førebu seg på eventuelle straumbrot.
– Det kan vere lurt å sjekka at ein har mat i hus, og batteri i lommelykter og radio.
Dersom det vert naudsynt vil kommunen og eit eventuelt beredskapsteam vere tilgjengelege i Rådhuset slik som under ekstremveret “Nina”.
Folk vert oppmoda om å halda seg innandørs – Ta omsyn til vêret og ikkje gå ut meir enn naudsynt, seier brannsjef Torfinn Kongsvik til Bladet Tysnes i dag.
Tor vert samanlikna med både orkanene Dagmar og Nina. Uværet minner om Dagmar i måten det utviklar seg på, sjølv om det treff lengre sør. Det kan verte kraftigere i vindstyrke enn Nina, men det vil truleg vare kortare.
Les meir på yr.no