Ekstremkulde og merksemd
8/1/2010 14:29
Rådmann og ordførar har nettopp hatt ei kort samling med etatsjefane kring desse spørsmåla, og me har gjeve følgjande tilbakemelding til fylkesmannen:
“Eg har i dag hatt samling med ordføraren og dei tre etatsjefane; oppvekstsjef, helse- og sosialsjef og teknisk sjef, og gått gjennom berdskapsplanane til kommunen i høve den aktuelle kuldesituasjonen.
Me føler me har bra kontroll og oversyn over situasjonen; herunder dei innbyggjarane som me skal vera spesielt årvakne for.
Ting kan likevel skje både i høve elforsyninga, vassforsyninga o.a. Me kjem derfor til å følgja godt opp i heile Tysnessamfunnet under kuldebølgja, men me vil sjølvsagt ha eit ekstra fokus på barnehagar, skular, sjukeheim og omsorgs- og trygdebustader. Me har ingen bustadlause i Tysnes. Men me føl nøye med eldre og andre trengande som bur åleine utan direkte offenleg hjelp.”
Kommunen oppmoder folk om å vera merksame, varsame og “vakne” i forhold til den temperatursituasjonen me for tida opplever. Me tenkjer då svært generelt både i forhold til eigne liv og eigneluter, men kanskje ikkje minst opp mot “nesten”! Det er flott om me alle ser litt utover oss sjølve og tenkjer på naboar og andre me kjenner som bur åleine og gjerne ikkje har hjelp korkje frå kommunen eller slekt og vener. Sjå innom til desse medmenneska og slå av ein prat! Gå ikkje frå dei før dei har det bra, og meld eventuelt frå vidare om det skulle vera trong for ytterlegare hjelpetiltak!
RÅDMANNEN