Ekstra fine gevinstar
25/3/2017 07:25
Lundegrend Idrettslag arrangerer den årlege tradisjonelle basaren 13. april Skjærtorsdag kl. 19.00.
I år er det ekstra flotte gevinstar å vinna, både på bok og åresal!
Det blir flott underhaldning og noko godt å bita i.
Londabygda får mulighet til å ta lodd på bok allereie til helga 31.03.
Gevinstane du kan vinna på bok er blant anna:
– Tysnesfestpass
– Middag og overnatting for to på Haaheim gaard,
– Polar A360 Pulsklokke
– Klyppekort SvingenPuls
– 3 retters for to på Mandelhuset
– Lakseside frå Alsaker.
Dersom du ikkje likar å ha kontantar i hus så har me bankterminal med oss. Det vil også ligga ei loddbok på Bunnpris Lundegrend.
Inntektene til basaren går til forskjellige prosjekt me har i bygda. Det skal byggast ein Lavvo i “Lio” og med tida utvikla ein natuleikeplass for heile bygda. Me skal og ha Kanoar i Fisjevatnet og halda fotballbanen på Vassbakken vedlike. Såtetrimmen er eit årleg arrangemnt som me også er opptatt av å halde fram med.
Håpar me ser deg på basaren i år!
Mvh
LIL ved leiar Mailinn Hagen