Ein skule og ein barnehage

Publisert av:
14/6/2011 12:53

I innstillinga til rådmannen som ligg ute på tysnes.kommune.no angåande skulestrukturen går det fram at han meiner den beste løysinga for kommunen er ein felles skule for heile øya som skal liggja på Gjerstad og ha ein felles barnehage i Uggdal skule.

Blir denne innstillinga vedtatt betyr det at skulane i Uggdal, Lunde og Onarheim vert lagt ned, samt at Lunde barnehage og Onarheim barnehage også vert lagt ned. Reksteren skule er frå tidlegare av vedteken nedlagt.

I skulebruksplanen er det alternativ 1 – drift ved ein skule ved Tysnes skule for årssteg 1-10 rådmannen innstiller, der prognosen i elevtal for 2011-2025 ligg på 280-350.

Det skal i samband med implementering av vedtaket vurderast ei trinnvis endring og setjast opp ein detaljert tidsplan for realisering av alternativet. Ny sentralbarnehage vert lokalisert i noverande Uggdal skule, heiter det i innstillinga.

Heile innstillinga finn du hos tysnes.kommune.no under møte i kommunestyre 22.06.11 >>>

Skulebruksplanen finnn du her >>>