Publisert av: Martha Nygård Lande
25/10/2018 12:48
Ein kveld med Ladegården korps
Ein kveld med Ladegården Korps
Mange er begeistra for arbeidet til Frelsesarmeen. Eit arbeid som gjev
gode resultat og er til stor glede og oppmuntring for dei som på ulike
måtar har behov for omsorg og hjelp i samfunnet vårt.
Ladegården Korps i Bergen står sentralt i Frelsesarmeen sitt viktige
arbeid. I snart 20 år har dette korpset teke turen til Tysnes, og her har
dei stått for trivelege kveldar i Tysnes bedehus.
Fredag 26. oktober kjem dei igjen på besøk og har heile programmet
under SONG- OG MUSIKKVELDEN. Både ei brassgruppe og eit kor skal
i aksjon. I tillegg blir det andakt og fellessong. Servering av kveldsmat
høyrer med på desse kveldane, og ein får høve til å gje kollekt til
Frelsesarmeen.
Tekst og bilde: Hans Ole Dalland