Illustrasjonsbilete

Earth Hour

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/3/2021 08:47

Laurdag 27. mars 2021 frå klokka 20.30 til klokka 21.30 markerer ein over heile verda, ved å slå av lysa, at ein står samla i kampen mot klimaendring og for ein levende natur.

I følge WWF (Verdens Naturfond) har denne markeringa, som starta i Sydney i 2007, spredd seg til å verta ein global bevegelse for natur og miljø. Denne fellesdugnaden er ei symbolsk handling for å markere at verda står saman mot klimaendringane.

Earth Hour er verdas største grasrotbevegelse for miljøet, og ta sikte på å engasjere enkeltmenneske, næringsliv og myndigheter over heile verda. Målet er å sikra merksemd om dei store utfordringane som er, og at det hastar med å få løyst dei.

I Norge har det vore arrangert Earth Hour sidan 2009.