Earlybird Stringband til Tysnesfest

Publisert av:
25/2/2012 07:54

Dei har vore heimefavorittar på Risør bluegrassfestival sidan 2008, har målbunde hip-hoparar på Hovefestivalen, og bergtatt Tromsø sitt rockepublikum med sin unike blanding av bluegrass, folkemusikk, trestemt lasersang og strengeleik. Men viktigast av alt:
Dei er eit knallbra liveband med dyktige musikarane som vert tjuvlånt jevnlig av mange ulike artistar for å sette ein ekstra spiss på sine utgivingar og
turnéar.

Deira sjølvtitulerte debut frå 2010 blei nominert til Spellemannsprisen og mottok strålande aviskritikkar. I 2011 kom dei raskt med oppfølgaren ”Blindsides”, til svært positive kritikkar i presse over det ganske land:

“Mye står og faller på låtmaterialet i bluegrass, og de gode taktene
på debuten følges opp med glans her.” – Dagbladet

”Vakre harmoiner, eminent samspill og melodier som spiller opp til
fartslek og innbyr til refleksjon” – Aftenposten

”Det låter nært, autentisk og med smittebærende spilleglede” – VG

”Andreskiva er en triumf” – Tromsø By

“I låtene finnes elementer som både fjerner Earlybird Stringband fra
den bokstavtro tradisjonen, og kan få lytteren til å både heve
øyenbrynene og trekke på smilebåndet” – Universitas

Sjå video, høyr musikk og finn ut meir på

http://www.earlybirdstringband.com/
https://www.facebook.com/pages/Earlybird-Stringband/32704271226

Earlybird Stringband kjem til å dukka opp på fleire scenar under Tysnesfest, men me kan allereie røpa at dei kjem til å opptre om bord på MS Midthordland.