E-cup i hallen

Publisert av:
3/10/2010 17:12

Det var to kampar som vart avvikla. Mest interessant var sjølvsagt Stord sin kamp. Dei møtte det britiske laget Great Dane London. Det viste seg raskt at Stord var det klart beste laget og dei knuste motstandaren med 41-17.

Så det var lite spenning Tysnes-publikummet fekk sjå. Men det var likefullt oppleving å sjå tempoet og kvalitet på handballen sitt høgaste nivå som Stord leverte.

Før kampstart var unge handballspelarar frå Tysnes Idrettslag maskotar for dei to laga då dei entra inn på parketten i Tysneshallen.

Litt Tysnes-relasjoner er det jo også på Stord-laget. Barnebarna til Petra Epland, Bjarte og Gaute, var sjølvsagt med, og også barnebarnet til Egil og Elin Lande Thor Egil Vaage var med på Stord sitt lag.