Dyrevelferd
5/11/2014 16:23
Onsdag 12. november inviterar Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget på Tysnes, medlemane sine og andre interesserte til møte i Grendatun kl 20.30.
Me har invitert Synnøve Hodneland, frå mattilsynet, til å snakka om dyrevelferd.
Etter at Synnøve er ferdig med sitt innlegg og me har hatt debatt om temaet, blir det høve til å komma med innspel til laga.
Me ynskjer å få innspel på «ting» som me kan samarbeida om, på kva aktivitetar me skal prøva å få til framover og anna som dei frammøtte måtte ha på hjarta.
Det skal også bli noko å bita i og ein kopp kaffe/te.
Før felles møte vil begge lag avhalda kvar sine årsmøte, i Grendatun kl 20.00.
Her er det vanlege årsmøtesaker som står på programmet hos begge lag.
Vel møtt!
Styret i Tysnes Bondelag og
styret i Tysnes Bonde- og Småbrukarlag