Dvergene rocka på Mandelen
22/4/2012 07:37
Mandelhuset var stappfullt under konserten. Det er jo ikkje store lokalet, og dei fem Dvergene-karane fekk seg eit lite sjokk då dei kom til plassen tidlegare på dagen og såg det vetle lokalet, og fann fort ut at dette vart ein svært intim konsertkveld.
Stemninga steig utover kvelden og særleg då “Torsdagsfisken” og “Tempo Corvette” kom då nådde konserten høgdepunktet. Det var utruleg bra!
Dei bergenske låtane deira treff godt og når gruppa er så samspelt som dei er, så blir det veldig bra!
Det var også mykje humor mellom gruppa og publikum undervegs. Dei syns mellom anna at det var storvegs å få reist med ei ferje og ete ei svele og drikka kaffi frå pappbeger! Og då publikum ropte på ekstranummer, så kom det frå vokalisten: “Ska vi ta en til? Ja, vi gjør det med en gang, for her er det jo så jæla trangt at det ikkje er vits i å gå ned og opp igjen!”
De Musikalske Dvergene uttrykte at det hadde vore ein strålande kveld på Mandelhuset og ville gjerne komma igjen. Håpa da!