Publisert av: Martha Nygård Lande
13/3/2022 11:40
Dugnad rundt dagsturhytta i Uggdal
I det fine vårværet, laurdag 12. mars, var det dugnad rundt dagsturhytta, Miklastofa, som ligg fint til ved Kyrkjevatnet i Uggdal.
Omkring 25 stykker med både stort og smått var med på dugnaden.
Som alltid på dugnad, smaker det godt med mat og drikke, det sørga Liv Torun Rekve og Bjørg Hillesvik for. Dei stilte med kaffi og heimabakt.
Foto: Magne Ove Kleppe