Publisert av:
19/3/2014 07:36
Dugnad
Tradisjon tru oppmoda Bygdalaget folk om å stilla på “rydde-dugnad”.
Det vart plukka boss og rydda langs vegane frå Malkenes til Belt.
Trass mykje regn og vind siste tida, i går ettermiddag var det opphaldsver og stilt!
Dugnadsånda i Lunde er stor, og dei yngste deltakarane var bare eit par år.- Ein skal tidleg krøkast….
Aurora og Anna Olea
Tore Lunde nytta hest og vogn for å få med seg boss.
Etter eit par timar var det samling ved senteret der Bygdalaget serverte varme pølser og brus.
Anne Merete og Anne Marie serverer velfortjente pølser til flinke dugnads-jenter: Synne, Marita og Alida.
Lunde bygdelag takkar alle for ein flott innsats!