Driftsresultat på 41 mill

Publisert av:
10/6/2009 11:22

Konsernet sin omsetnad gjekk ned, frå kr 449 millionar i 2007 til kr 436 millionar i 2008. Noko som delvis skuldast ein liten reduksjon i slaktevolumet.

 

Resultat før skatt enda med eit underskot på kr 6 millionar mot eit overskot på kr 74 millionar i 2007. Under finanspostar er det bokført eit urealisert valutatap på inngåtte terminkontraktar på kr 24 millionar.

 

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2008 5 smoltanlegg, 20 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. I 2008 produserte konsernet nesten 20.000 tonn laks, mot nesten 21.000 tonn året før. Ved utgangen av året hadde konsernet 125 tilsette.

Produksjonen i konsernet skjer i 12 kommunar: Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Sveio, Meland og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Produksjonsmessig har 2008 ikkje vore noko godt år for konsernet. I første halvår hadde ein fleire nye utbrot av fiskesjukdommen pancrease disease (PD) på fisk sett i sjøen i 2007. Dette har resultert i høg dødlegheit, redusert tilvekst og høg fôrfaktor i 2008.

 

Frå og med hausten 2008 har PD-situasjonen gradvis betra seg, og konsernet har ikkje hatt dødlighet som følgje av PD på fisk sett i sjøen i 2008. Konsernet har som mål å vaksinere all fisk mot PD, og av fisken som blei sett i sjøen i 2008 var 87% vaksinert. Av haustutsettet er 100% av fisken vaksinert. Vaksineringa har, saman med enkelte målretta endringar i driftsform, resulert i betydeleg reduksjon i dødlegheiten. Det var god fôring og tilvekst dei siste månadene av 2008. Den postive utviklinga har halde fram så langt i 2009.

 

Den internasjonale marknaden for laks har vist ein god vekst også i 2008. Marknadsprisen for laks har i 2008 vore omtrent på nivå med 2007.

 

 

 

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på vel kr 300 millionar – noko som gjev ein eigenkapitalandel på 31 %.

Konsernrekneskapen for Alsaker er utarbeidd etter norske rekneskapsreglar (NGAAP).

 

Har De spørsmål, eller ynskje om ytterlegare kommentarar, kan De ta kontakt med

adm.dir. Gerhard Meidell Alsaker, telefon 53 43 01 10, eventuelt mobil 90 10 5000