Dokkegalleriet : Lag di eiga fingerdokke

Publisert av:
10/7/2010 16:47

Fredag  kunne borna laga si eiga fingerdokke på Dokkegalleriet.   Med litt hjelp fekk alle som var innom laga seg  ulike fingerdokker.  Mange var kreative og laga flotte dokker!  Nokre med litt hjelp og nokre nesten utan hjelp.  På førehand hadde Britt laga modellar,  t.d. hund, katt,  Ole Brumm,  prinsesse og  spøkelse.  Yngstemann var Anna Olea på 3 år som laga seg ein fin Ole Brumm!

Borna var flinke og såg ut til å setja pris på aktiviteten!

Medan borna laga fingerdokker kunne dei vaksne sjå utstillinga ”Barndom på Tysnes på 1950 og 60-talet”.  

Britt hadde sett saman ein flott utstilling av ulike leikar med meir frå barndomen hennar.  Mange vil sikkert kjenna att  dei klassiske ”Anne-dokkene”med masse  flotte, heimelaga klede, papirdokkene  og ulike små leikar som ”alle” hadde på den tida.  I tillegg var det ein kjempefin ”Ola-bil” som stod utstilt.  Dersom det hadde vore ein veteran-klasse i kassebilløpet, hadde den sikkert gjort det godt!  Det er nok ikkje så mange som har slike  veteranbilar  på låven lenger.
Dei heimelaga skia som ho brukte i barndomen er  også eit artig  innslag i utstillinga.

Eit slide-show som viser andre leikar og ting frå den tida høyrde også med.
Utstillinga er også open laurdag.