Publisert av:
5/8/2014 06:36
Det var magisk
Oslo Ess har hatt ein hektisk festivalsommar og har også turnert med VG lista.
Det er 4. sommaren dei turnerer, og dei meiner denne sommaren toppar alt.
I eit intervju i Kveldsåpent på NRK, trekk dei spesielt fram Tysnesfest!
( Som dei uttalte med lang “y”!)
Dei fortel at dei vart frakta opp i helikotper og at dei er svært imponert over at 500 personar gjekk heile vegen opp for å høyre på dei.
Stemninga omtalar dei som magisk, og seier at det var ei fantastisk oppleving med 360 graders utsikt opp på Såto.
Innslaget kan du høyre på denne linken under “12. Oslo Ess, del 1”