Det tiande Sunnhordlands treffet samlar rekordmange

Publisert av:
19/12/2016 09:27

Heile 28 stands er rigga om bord i veteranskipet MS Sunnhordland, som er arenaen for arrangementet. Skipet ligg til kai i Leirvik sentrum, Stord. 

Arrangementet samlar nærare 90 påmelde som brukar kvelden til å knyte kontakt med moglege framtidige arbeidsgjevarar, samt treffe kjende ein triveleg førjulskveld. Dette er det tiande Sunnhordlandstreffet sidan 2012. 

Om bord vert det også innlegg og underhaldning. Stortingspolitikar Magne Rommetveit og Lea Skaten frå Haaheim Gaard er nokre av dei som bidreg. Ordførar i Tysnes kommune, Kåre Martin Kleppe er konferansier.

Ein viktig faktor når ein vel kvar ein skal bu – i tillegg til jobb og bustad – er at også fritids- og kulturtilboda er gode. Sunnhordland har eit svært breidt og godt tilbod på kulturfronten. For å vise noko av dette er festivalane 100 dagar og Tysnesfest tilstade. Deltakarane har høve til å vinne festivalpass til neste års festivalar på Sunnhordlandstreffet.

Forut for Sunnhordlandstreffet vert det også arrangert ei eiga samling for deltakande bedrifter, kommunar, festivalar og etatar. På denne samlinga får bedriftene høyre bedriftspresentasjon, stortingspolitikar Magne Rommetveit held innlegg, og det vert gruppediskusjonar og nettverksbygging. Også dette arrangementet finn stad om bord i MS Sunnhordland.

Sunnhordlandstreffet vert arrangert som del av omdømme- og rekrutteringsprosjektet for regionen, drive av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Overordna mål for prosjektet er å bidra til at Sunnhordland blir oppfatta som ein attraktiv bu- og arbeidsregion, samt gjera det enklare for arbeidsgjevarar å rekruttere kompetanse.