Det blei tap for Njardar sitt a-lag, i vårens siste kamp

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/6/2024 15:12

Torsdag kveld tok Njardar i mot Neptun2.

Me tapar vårens siste kamp mot eit Neptun2-lag, som var godt krydra, med spelarar frå sitt 1. lag.

1. omgangen vår er stressande, panisk og utan rytme, og me ligg under 0 – 1 etter eit langskudd limt i krysset, utagbart for Sivert.

2. omgang er berre 5 minutt gammal når Neptun går opp til 2 – 0, men etter dette handlar det aller meste om Njardar. Me trykker dei bakover i store periodar, og tvingar fram redningar på bortelagets svært gode keeper.

Om han ikkje reddar, så går avslutningane våre enten utanfor, i tverrliggar frå Rafa, eller gjennom feltet utan at me har den nødvendige flaksen, der me eller motspelarar blir truffe, og ballen går i mål.

Me kan uansett ikkje vera misfornøgde med vårsesongen når ein ser på tabellen.

No blir det ein velfortjent ferie, før me er tilbake til haustsesongen med minst 2 “resigneringar” i Mathias Bakke og Viking Sandtorv.

Tekst: Njardar