DDE til Tysnesfest 2010

Publisert av:
2/12/2009 16:41

Trøndergruppa DDE er altså klar for neste års Tysnesfest. Dei er eit av landet mest kjende grupper og er eit veldig godt liveband. Tekstane er velkjende for mange, så her blir det nok allsang på DDE konserten!

To andre grupper er også klare. Det er Donkeyboys frå Drammen, som for tida har hitane “Sometimes” og “Ambitions”, og Nordic Tenors som i haust har hatt show på Logen Teater.

Datoar og tidspunkt for konsertane er enno ikkje heilt klare, men kjem etterkvart.

Det er tysnesfest.no som melder dette.