Publisert av: May Britt Meland
14/7/2019 14:18
Damene leverte eit forrykande sceneshow
Laurdagskvelden var vi så heldige å få oppleva både Ina Wroldsen og Julie Bergan på scena.
Ina Wroldsen fekk publikum med seg og framførte ein hitparade og eit energisk liveshow.
Mange spente fekk oppfylt ønska sine, og høyra favorittartistane sine.
Ein blid ungdomsgjeng i storform!
Julie Bergan er omtalt som ein av dei mest ettertrakta og energiske liveartistane i Norge. Ho levde absolutt opp til forventningane!
Julie Bergan engasjerte publikum og imponerte med eit forrykande tempo på scena.
Etter konserten tok Julie Bergan seg tid til ein runde blant publikum. -Denne karen fekk sikra seg eit drømmebilde!