Dagens ros

Publisert av:
26/3/2013 10:20

Søndag 24.3 dukka det opp ei oppfordring på facebook. Helge Olav inviterer til sosialt lag i hallen for gamleklassen, måndag kl. 12.00.

Rundt 20 stk. av oss møtte opp, og me fekk igjen oppleva ein gymtime med Helge Olav. Humoren, dei gode kommentarane og samhaldet var tilbake, og me storkoste oss. Då Sigurd dukka opp vart dagen fullkomen. 

Initiativet ditt til å samle oss i hallen sette me stor pris på. Takk for at det finnes slike lærarar som Helge Olav, og at me har fått lov til å oppleve han i og utafor klasserommet. 

Helsing avgangsklassane 2012