Dagens klage

Publisert av:
11/9/2014 08:04

Dagens klage går til Stord Anlegg!

Som dei fleste sikkert har fått med seg er veien mellom Uggdal og om Holmalio stengt i visse tidsperiodar i løpet av dagen. Forståeleg nok, så dei skal få gjort det dei skal med vegen. Men at enkeltpersonar som foreksempel skal på arbeid ikkje får lov å spasera forbi gravemaskinen som berre opptek 1/2 av vegen er IKKJE forståelig! Og ikkje nok med da, så kom det fire voksne damer kjøyrende med drosje til kommunehuset, skunda seg ut av drosja fordi dei hadde ein ventande bil ved Jokeren. Men desse 4 damene fekk heller ikkje passere forbi gravemaskinen og måtte ta drosje over fjellet for å komme seg fram. Da må gå ann å gjera jobben sin betre enn ditta.

Helsing frustrert  tysnesing