Dagens bilete

Publisert av:
17/12/2009 14:47

Ein må vere fleire  vaksne for å klare å ta rundt stamma! Grana står på tunet som ligg oppom vegen like ved vegen ned til Grøteidshola – vel verdt å ta turen ut å sjå!!!

———–

Hans Ole Dalland hadde ein reportasje i “Sunnhordland”om denne grana for eit par år sidan. Vi målte grana og 1 meter over bakken var den 6 meter i ringmål. Den vart innmeld til kåringa av Noregs største gran. Den er vesentleg større enn den som vart kåra til Norges største gran. Men den vart “diskvalifisert” fordi den var av amerikansk type. I følge skogmannen Kjell Laupsa i Øystese var det truleg ein av lærarane på Stend Jodbruksskule som på 1800-talet sende franfrø eller utplantingsgraner med elevane sine til ulike stader på Vestlandet- Grana fortener skilting og større merksemd, og kommunale instansar bør ta kontakt med grunneigar, som visstnok er busett utanfor kommunen. Mvh Magne Skartveit